des 06

– Ho bar sin hatt som ho sjølv ville –

Målaktivisten og nynorskforleggjaren Annetta Garathun

– Ho bar sin hatt som ho sjølv ville – (utvidet versjon 2)

Annetta Garathun var ein personlegdom som sette preg på samtida si – ja, både i kvardagslivet og i det offentlege. Sjølv om ho ikkje er allment kjend i vår tid, var vestlendingen ein av desse pionerane som aktivt arbeidde for kvinners rettar, nynorsk litteratur, målsaka og bygdekulturen. Garathun var av dei fyrste kvinnene som utdanna seg til lærar, vart seinare bokforleggjar og fekk eit langt og spanande liv i Kristiania.

Annetta Garathun vart fødd i 1856 på den vesle garden Skorge i Grytten i Romsdal, men eg er likevel så fri å kalla henne eidfjording, for det var i stor grad heimbygda til foreldra, Eidfjord, ho kjende seg knytt til. Mora og faren, Marta og Ola Garathun, hadde flytt frå Øvre Eidfjord til Romsdal kring 1849, og dei var nok inspirerte av at mange hardingar på denne tida hadde vore på Nord-Vestlandet på sumarfiske, og dermed gjorde garatunane romsdalingar av seg – for ei stund. Kring 1859/-60 kjøpte familien ein større gard på Vågstranda på sørsida av Romsdalsfjorden og budde på Kjølset-garden fram til 1875. Marta og Ola fekk seks jenter, og i Eidfjord vart dei stundom kalla «dei vakre Garathun-systrene» (Kjølset-systrene).

Knut L. Måge skriv i tidsskiftet «Hardanger i 1972»: «Dei var alle flinke i boka, og alle stod fremst på kyrkjegolvet til konfirmasjon i Veøy-kyrkja næreså Annetta; for presten sjølv hadde konfirmant det året.» Som ei motvekt til folkehøgskulane sette presten Olaf Olafsen i 1874 i gang ein ungdomsskule i Veøy, der Annetta og systera  Maria gjekk sumarkurs. Dette vart innleiinga til dei såkalla amtsskulane (skule etter folkeskulen).

Då foreldra i 1875 vende heim til Hardanger, var den sjølvstendige Annetta Garathun 19 år og drog difor til Danmark for å gå på den vidgjetne Askov Højskole. Nettopp denne tida på folkehøgskulen sette nok sterkt preg på den unge, forvitne dama, for her fekk ho læra mykje, treffa interessante menneske, og her la ho nok grunnlaget for yrkeskarrieren sin.

Etter tida i Danmark var ho frå 1877 på Torp-skulen på Elverum, som var ei form for friskule utanfor det vanlege skulemønsteret. Venteleg var det her ho fekk lærarutdanninga si, og sidan underviste ho ved skulen òg. Det bygde seg opp eit radikalt miljø rundt skulen med Helge Væringsåsen som midtpunkt, skriv Måge i «Hardanger», og held fram: «Slik kom Annetta Garathun til å arbeida mykje i den store boksamlinga til Væringsåsen, og slik var det vel ho fekk bokormen i seg.»

Annetta Garathun forlét Elverum i 1883, var deretter ei tid i Eidfjord, og eitt år var ho lærar i Stangvik på Nordmøre. Kvinner hadde nokre få år tidlegare fått høve til å verta lærar i folkeskulen; på landet frå 1860 og i byane frå 1869, så også her var vestlendingen tidleg ute. Truleg busette ho seg i Kristiania på slutten av 1880-talet og arbeidde kring 1891 ei tid som lærar, før ho tok til å arbeida i forlaget til Søren Mittet, ein mann ho nok kjende frå tida i Veøy i Romsdal. Annetta hadde fått interesse for boksal og forlagsverksemd, og no fekk ho læretida si.

I 1894 gjekk ho i kompaniskap med Magnus Hydle, som ho truleg kjende frå Ulvik, i nynorskforlaget Hydle & Co, i Grubbegata 2. Truleg samarbeidde firmaet temmeleg nært med  sogningen Olaf Huseby, som nokre år hadde drive forlag og boktrykkeri i Kristiania, før han gjorde amerikanar av seg. For Husebys verksemder heldt nemleg til i same bygg, i Grubbegata, som Hydle & Co; Huseby i fyrste høgda og Annetta og Magnus  i andre høgda. Hydle & Co gav også ut nokre av Husebys bøker, og dei fyrste bøkene Annetta og Magnus gav ut, er trykte hjå Huseby, fortel Knut L. Måge. Mykje tyder på at for Hydle var forlagsdrifta meir som ein fritidssyssel, så truleg var det Annetta som stod for den daglege drifta.

Men alt året etter trakk Hydle seg ut, og Annetta stod åleine med forlaget. Ho etablerte då firmaet under nytt namn, A. Garathuns Forlagsbokhandel, stadig i Grubbegata 2, i bygget der ein frå 1903 også finn Stortorgets Gjæstgiveri, og dreiv sjølv forlaget fram til 1899. Mellom anna hadde ho i åra 1897-1899 ekspedisjonen av «Syn og Segn» for Det Norske Samlaget.

Alt tilseier at lokalet i Grubbegata tente som både bokhandel og forlagsverksemd, og staden skal ha vore ein samlingsplass for mange hardingar i hovudstaden. Fleire av desse hjelpte til i forlagsekspedisjonen, til dømes stortingsstenografen Jon Måkestad, som budde i same bygg.

Annetta Garathun ivra for målsaka, og det var difor nynorskbøker ho ville gje ut. På denne tida var ho forleggjaren til Per Sivle, som òg hadde gått på Askov Højskole, og gav ut fleire av bøkene hans. Den aller fyrste skal ha vore «Nye Vossa-Stubbar» (1894), og seinare kom «Bersøglis- og andre Viser» (1895). I åra frå 1894 til 1896 gav Annetta ut heile åtte landsmålsbøker. Mellom desse var også Kari Liti (1895) av Brita Bjørgum, som skal ha vore den fyrste lengre forteljinga som ei kvinne skreiv på landsmål.

Presten og salmediktaren Anders Hovden gav ut «Sviv» (1895), «Odd» (1896) og «Heimhug»(1896) på forlaget til Annetta. Det kan også nemnast at Hans Seland og Lars Ekerhovd skreiv originale målbøker, og ei eventyrsamling hadde vore omsett av Marta Steinsvik.

Økonomien må ha våre ei stor utfordring for det vesle  forlaget, og ein kan undra seg på kvar dei fekk pengane frå. Dei hadde neppe pengar sjølve å setja inn, meiner Knut L. Måge. For det må ha vore svært lite å tena på målbøkene, og difor måtte dei også gje ut enkelte bøker som dei visste dei kunne tena pengar på. Éi av desse var ei framandordbok. Dei gav også ut ei rekkje med omsette bøker, nokre av dei var omsett av Hermine Bernhoft Osa, mor til spelemannen Sigbjørn Bernhoft Osa.

Nokre originalbøker på bokmål vart også utgjevne, mellom anna av forfattarane Albert Solem, Ivar Sæter, Aleksander Erbe, Johan Dørum og Johan Bojer, fortel Knut L. Måge. «Vaar viseskat – Nordens humoristiske viser og digte i udvalg» og «Praktisk formularbog – en haandbog for hver mand» vart utgjevne i 1896.

Ei utgjeving i juli 1895 vart det mykje styr med, og dette var Johan Bojers  «En moder, skuespill i en akt». Knut Måge skriv: «Boka handlar om ein ung gut som for å hjelpa mor si,  gjorde underslag i forretninga han arbeidde i. Då politiet kom inn i biletet, skaut han seg. Det skapte bysladder, for dette hadde nett gått føre seg i eit firma i Kristiania, og det var opplagt levande modell. Påtalemakta ville ikkje gripa inn. Då tok firmaet og kjøpte opp dei bøkene dei kom over og gjorde ende på dei.»

I 1899 gjekk ho saman med musikaren og stortingsstenografen Michael Flagstad frå Kongsberg i eit nytt forlag, Flagstad & Garathun, som dei truleg dreiv – meir eller mindre – fram til 1902. Annetta vart nær ven med Flagstad-familien, og dottera deira var den kjende operasongarinna Kirsten Flagstad. Ein lyt nemna at nettopp 1899 var eit svært vanskeleg år økonomisk i hovudstaden, for då skjedde det såkalla Kristianiakrakket, som skapte uvanleg vanskelege økonomiske tilhøve, men Annetta Garathun var neppe den som gav opp så lett.

Då forlaget i 1902 vart selt til L. E. Tvedte og seinare til C. Sarheim, dreiv Annetta i mange år arbeidet der, truleg til kring 1912. Deretter arbeidde ho i alle fall frå 1913 som annonsesjef i vekemagasinet «Vor Tid», før ho avslutta den aktive yrkeskarrieren i bladet URD, som var eitt av dei fyrste kulturbaserte og delvis politiske blada for kvinner.

Annetta skulle få eit langt liv i hovudstaden, som på den tida hadde namnet Kristiania, og ho budde mellom anna i Munchs gate 9 (kring 1890), i Calmeyers gate 9 (1894), i Ullevålsveien 61 (kring 1900) og i Sorgenfrigata 37 (kring 1910), før ho dei siste åra i livet budde i Jarveien 16 i Bærum saman med systerdottera. Men trass i mange år i hovudstaden, var det plassen ho heldt som heimbygda, Eidfjord, som lokka kvar einaste ferie. Når sumaren kom, reiste ho til systera på Bakke i Uvdal og vidare «heim»; over fjellet til hardangerbygda, og vitja slektningar og vener i Eidfjord, og ho kjende nok at det var her ho hadde røtene sine. For sjølv om ho vaks opp i Grytten og Veøy, hadde ho i romsdalstida i alle år jamleg vore med familien heim til Hardanger, og dermed fekk ho alt i barneåra verta kjend med både den vakre bygda og slekta i Eidfjord.

Annetta Garathun vart ikkje gift, og kanskje er det treffande når Ågot Miriam Alnes Orvik i ein artikkel om henne skriv: «kanskje var ho for sterk og sjølvstendig til det både i ord og gjerning». Sjølv om Annetta ikkje vart gift eller fekk barn, vitnar alt om at ho hadde ein stor omgangskrins av slekt og vener, som ho heldt nær kontakt med. Eg har fått høyra ein del om Annetta frå faster mi, Maria Øveraas (1919–2017), for ho var dotterdotter til Annettas syster, Maria Garen, og faster og Annetta hadde mykje kontakt. Faster Maria, som vaks opp i Drammen, fortalde om ei festleg og interessant dame som var eit oppkome av humor, historier og kunnskap. Når Annetta Garathun kom på vitjing frå hovudstaden, hadde ho interesse for store og små i slekta, og det fylgde mykje moro med henne, fortalde faster. Annetta kunne så mykje, hadde vore ein del ute og reist, og var i det heile ei kunnskapsrik kvinne, fekk eg vita.

Då den aktive yrkeskarrieren var avslutta, flytte Annetta til systerdottera si, Mette Lereim, i Bærum. Då faster skulle ta utdanning i Oslo i 1938, budde ho hjå slektningane på Jar, ja, ho fekk jamvel bu på same rom som Annetta, og dei to fekk då serleg god kontakt. På denne tida var Annetta 82 år, men kom svært godt overeins med den då 18 år gamle faster mi. Mellom anna fortalde ho at Annetta då batt inn bøker heime på rommet i Jarvegen 16, så ho var verksam opp i høg alder.

Faster har også fortalt at Annetta på sine eldre dagar gjerne starta dagen med ein liten genever-knert, og klokka ni på sundagane kom hushalderska inn på rommet deira med eit brett kaffi og vørterkake med geitost. Så brukte ho å fortelja om minna frå oppveksten på Kjølset-garden i Romsdal og «heimbygda» i Hardanger. Då sa ho ofte på det sjarmerande viset sitt; «Ja Kjølset-jentene var no vakre, då, veit du, ja unnateke meg, då. Men, eg har no klart meg godt, då.»

Annettas vitjing i Eidfjord var nok ei oppleving – og kanskje til gagn for bygdefolket òg –, for det var ei særeigen og stram dame som kom til vestlandsbygda med hatt og slips, og som nok gjorde stort inntrykk på dei fastbuande med dei særmerkte bykleda og framferda si. Enno finst det folk som minnest at ho kom til bygda, så Annetta Garathun var ei kvinne som vart lagt merke til. Ja, lat det ikkje vera tvil om at «ho bar sin hatt som ho ville.», som Knut L. Måge skriv i det nemnde «Hardanger» frå 1972. Han nemner vidare: «Annetta Garathun var ei dyktig kvinne. Ho hadde mange interesser, mykje kunnskapar og dertil styringsevne. Sjølvstendig var ho i meiningar og hadde svært gjerne hug på ein debatt.»

Knut L. Måge skreiv i «Hardanger» om Annetta og forlagsverksemda hennar og fortalde at det var dårlege tider for norsk forlagsdrift på 1800-talet. Dei fleste fekk trykt og utgjeve verka sine i Danmark, og det skal ha vore stas at det stod København på tittelbladet, meiner Måge. Han skriv vidare: «Det vart ein snunad i dette i slutten av hundraåret. Det kom sterkare norske forlag, åndsliv og språk skilde meir lag, og sjølvkjensla vaks.»

Måge skildrar at det var vanskelege tilhøve desse åra, og aller verst skal det ha vore for nynorsklitteraturen. Marknadspotensialet var svært avgrensa, og utgjevingar av landsmålsbøker var som oftast det same som å tapa pengar. Kor som er vart det skipa nokre få forlag som hadde til oppgåve å stø målbokavlen, fortel Måge, men at dei som ville gje ut bøker på nynorsk, måtte vera idealistar, og Annetta Garathun var verkeleg ein av desse.

Det er interessant å sjå nærare på korleis livskåra på denne tida var for sjølvstendige og einslege kvinner, som Annetta Garathun. Då ho dreiv verksemda si på 1890-talet, hadde ikkje kvinner allmenn stemmerett og dessutan svært avgrensa høve for å ta del i arbeidsliv og i det offentlege livet.

Forlagsbransjen var nok tidleg ute når det gjeld kvinner som åtte boktrykkjarforlag, noko som uansett kan ha vore viktig for kvinnesaka, men dette var eit resultat av at kvinnene hadde teke over drifta då ektemennene døydde. Kor involverte dei var i sjølve drifta, veit eg likevel ikkje. Einslege kvinner og enkjer over 25 år hadde frå 1842 hatt høve til å driva handel med innanriksvarer, medan gifte kvinner fekk denne retten først i 1894. Før 1863 var det elles berre enkjer som var myndige etter lova, medan ugifte kvinner – som Annetta – først vart fullt myndige 1863 og gifte kvinner i 1888.

På 1800-talet og mange tiår vidare var det nok også meir akseptert at kvinner i dei øvre samfunnslaga kunne ta del i det offentlege. Me ser til dømes at det syntest meir godteke at konene til kjende menn kunne ha offentlege roller og tillitsverv. Til dømes vart landets fyrste kvinnesaksforeining starta fyrst i 1883, og ikkje før i 1911 kunne den fyrste kvinna, Anna Rogstad, ta plass på Stortinget som vararepresentant. Kanskje kan ein seia at menn og kvinner reint formelt var jamstelte kring 1913/-14. Men vegen var enno lang å gå.

Uansett var det nok ikkje lett for ei ugift kvinne å stå fram i det offentlege på slutten av 1800-talet, ja det var rett og slett uvanleg og truleg ofte rekna som lite passande. Det er i ljos av desse tilhøva me lyt sjå Annetta Garathuns innsats og gjerning. Ho kom til Kristiania frå landlege kår, men ville fram, tok seg lærarutdanning, og dreiv forlagsbokhandel. Men ikkje nok med det; ho ville gje ut bøker på landsmål – og det midt i Kristiania! Kor lett var det?

I boka om norske forleggjarar gjennom 100 år, «Kardinaler og Kremmere», er Annetta nemnd fleire gonger. Det står mellom anna «[…] opptrådte for første gang en ugift kvinne som forlegger. Annetta Garathun fra Hardanger våget å utgi skjønnlitteratur på landsmål med Kristiania som base!» Forfatteren, Nils Johan Ringdal, har rett nok kosta på seg eit utropsteikn, men tru om ikkje Garathuns vågestykke hadde vore verd ei meir omfattande forteljing?

Ringdal fortel vidare om småforlag i hovudstaden. «I Kristiania hadde Annetta Garathun, Bertrand Jensen, John Aass, Bertrand Narvesen og flere andre sitt virke. Enten fordi de solgte for få bøker – eller fordi de som Narvesen hadde egne salgskanaler – var de ikke medlem av Bokhandlerforeningen.» Bertrand Narvesens stod jo bak Narvesen Kioskompagni, som jo hadde eigne utsalsstader, og Annetta Garathun hadde, som kjent, også eige utsal ved sida av postekspedisjon.

I boka om norsk forlagshistorie kan ein forresten sjå ein del interessante fotografi, ja, ikkje minst er dei to bileta over to sider på innsida av omslaget talande for kjønnsfordelinga i bransjen. Oppslagsbiletet er frå 25-årsjubiléet til forleggjarforeininga i 1920, der 31 herrar er å sjå i festleg samvær. Sist i boka er det så eit bilete frå generalforsamlinga heile 60 år seinare; i 1980. Her er 43 personar tilstades – og, ja, alle er menn.

Det går òg fram at mange forlag braut saman etter det nemnte Kristiania-krakket, mellom andre også forlagsbokhandelen til Annetta Garathun, men om dette er heilt riktig, veit eg ikkje. Noko må i alle høve ha vore att av verdi sidan ho kunne selja føretaket i 1902.

Blant nokre målfolk og andre spesielt interesserte har Annetta Garathun i dag eit lite namn, men burde kanskje hatt eit mykje større namn – som ein av dei fyrste som arbeidde ihuga for både målsaka, nynorsklitteraturen og kvinnesaka.

Ein kan spørja seg kvifor me ikkje har høyrt meir om Annetta. Eg har ikkje det fullgode svaret, men noko av forklaringa vil eg tru har å gjera med nettopp det at ho var kvinne, ugift og stod åleine. Når det gjeld kvinnesaka, var det kanskje lettare å få namnet sitt rissa inn for ettertida viss ein hadde ein kjend ektefelle.

Annetta Garathun var sjølv heller ikkje forfattar, medan fleire av dei meir kjende og dyktige målkvinnene me i dag har god kjennskap til, var skribentar og forfatta verk som var med på å gjera dei til namn for ettertida.

At ho også var ein av dei små forlagsaktørane, gjorde det nok ikkje lettare, ei heller det å koma seg fram og markera seg i den livssituasjon ho var i. Når Ringdal ikkje har skrive meir om Annetta Garathun, vil eg tru at dette også har si skuld i mangel på kjelder.

Så lyt me hugsa på at forlagskvinna kom seg fram i ei tid då kvinner enno ikkje hadde allmenn stemmerett (det fekk dei fullt ut fyrst i 1913), og få kvinner tok del i det offentlege livet. Ifylgje boka til Ottar Grepstad, «Viljen til språk», var Annetta Garathun Noregs fyrste kvinnelege forleggjar av nynorsk litteratur, kvinnesaksforkjempar, lærar og «målkvinne». Det vert i våre dagar støtt snakka om at både den eine og den andre er ei «sterk kvinne», men i høvet Annetta Garathun trur eg verkeleg det er dei rette orda.

Eli Bjørhusdal skreiv i 2006 ein svært interessant artikkel på sprogradet.no, «Kvinner i det sentrale målmiljøet før 1906», og ho gjev Annetta Garathun ei sentral rolle. Mellom anna går det fram at 137 målfolk i 1906 var samla i Turnhallen i Oslo for å skipa Norigs Maallag. Berre seks av dei var kvinner, og éi av dei var Annetta Garathun. Bjørhusdal skriv: «Mindre kjent er det at denne målkvinneeliten òg drog i gang ein norskdomssalong i 1900, Oslo Gilde, som vart ein viktig møteplass for sentrale delar av den norske venstreeliten kring unionsoppløysinga. Oslo Gilde var langt på veg organisert og styrd av kvinner i og kring målrørsla.»

Annetta Garathun var òg ein del av miljøet kring målavisa «Den 17de Mai» og tok del i fleire store tiltak, som Bjørhusdal òg skreiv om: «Nokre år før skipinga av Oslo Gilde sette Den 17de Mai-miljøet i gang eit tiltak som skulle vise seg å bli avgjerande i oppbygginga av den organiserte målrørsla. Den norske marknaden (målmarknaden) i 1898 vart den fyrste store mønstringa av norsk folkekultur i hovudstaden. Føremålet var å samle inn pengar til landsmålsfondet Målkassa. Eit år i førevegen vart målfolk over heile landet sett i sving med å samle inn pengar, og då det endeleg braka laus på Tivoli-området i september 1898, fekk hovudstadspublikummet oppleve ridande opptog, felespel, bunadframsyning og amatørteater, kafear med norsk bondekost, dans, tombola og lutspel av alle slag. Nasjonale profilar som Arne Garborg, Fridtjof Nansen og Jørgen Løvland tala, og Hulda Garborg stod for teateroppsetjingane.»

I Arbeidsnemnda for «Den norske marknaden» sat altså Annetta Garathun. Namnet hennar er òg nemnt fyrst i rekkja i ein annonse i Dagbladet i august 1898, der det mellom anna står: «Formaalet er at vække interessen for vår nationale kultur».

Dei store inntektene frå Målmarknaden skapte stor aktivitet, mange lokale mållag og ungdomslag såg dagsens ljos rundt i landet, og mellom anna vart Bondeungdomslaget (BUL) i Kristiania starta i 1899. Pengane var viktig for å finansiera målreisinga frå starten av 1900-talet og leggja grunnlaget for nynorsk skriftkultur, fortalte Bjørhusdal. I avisa «Den 17de Mai» for 8. mai 1920 går det fram at Annetta òg var skrivar for Hardinglaget i Kristiania, og ein må tru ho var med her i ei årrekkje, truleg frå starten i 1914.

Informasjonene som Bjørhusdal gjev, er viktige for å sjå at Annetta Garathun var ein viktig medspelar når det galdt både målsaka, nynorsklitteraturen og kvinnesaka. Ja, ho sette gode spor etter seg, Annetta Garathun – og ikkje minst – ho bar sin hatt som ho sjølv ville.

15. mai 1950 døydde Annetta, nær 94 år gamal, og laurdag 20. mai kl. 12 tok ein avskil med henne i Det Gamle Krematorium. I annonsen i Aftenposten stod det fylgjande: «Vår kjære gamle tante Annetta Garathun døde stille i dag. Jar 15. mai. På familiens vegne Mette Lereim.»

Etter bisetjinga vart ho gravlagd på Vår Frelses gravlund i Oslo, der gravsteinen hennar er verna.

 

Kjelder:

Eli Bjørhusdal: «Kvinner i det sentrale målmiljøet før 1906» http://www.sprakradet.no/Vi-ogvart/Publikasjoner/Spraaknytt/Arkivet/2006/Spraaknytt_3_2006/Kvinner/

Ågot Miriam Alnes Orvik: Artikkel i «Årbok for Rama 2013»: Annetta Garathun – en pioner (side 9)

Elisabeth Lønnå: Store norske leksikon, Norsk kvinnehistorie

Knut T. Måge: Hardingforlaget Hydle & Co som spreidde nynorsk litteratur i 1890-åra», artikkel i «Hardanger» (1972)

Ottar Grepstad: Viljen til språk

Nils Johan Ringdal og Terje Holtet Larsen: «Kardinaler og kremmere; norske forleggere gjennom hundre år» (1995)

Maria Øveraas (1919–2017)

Allkunne: https://www.allkunne.no/framside/biografiar/g/anetta-garathun/90/664/

Blogg: http://mellomfjordogfjell.sekken.net/2010/05/anetta-garathun.html

Dabladet: 27.8.1898 (annonse)

Digitalarkivet: Folketeljingar

Skriv et svar